↓
Kvåle skule er ein 6 – 10 skule med 3 parallellar og omlag 390 elevar. I alt er det 48 vaksne som arbeider på skulen.
Skulen ligg vakkert til på Fosshaugane Campus. Elevane på mellomsteget kjem frå Trudvang skule, medan ungdomssteget og har elevar frå Norane og Fjærland. Kvåle skule er ein relativt ny skule med eit fantastisk uteområde. På uteområdet har me eit samarbeid om arealet med elevar frå Sogndal vidaregåande skule. Nyeskulen er eit flott moderne bygg, og her finn du alderstrinna 6. til 9. klasse. 10. klassane, administrasjonen og personalavdelinga finn du i ”gamlebygget”. Kvåle skule er ein stor praksisskule for studentar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Skulen har følgjande viktige satsingsområder; Klasseleiing og skulemiljø, Internasjonalt samarbeid, Fysisk aktivitet og helse, IKT og Vurdering for læring
Det internasjonale samarbeidet er etablert gjennom Erasmus+ og Nord-Sør. It’s Learning er vår digitale plattform.
Visjonen vår er: ME BYGGJER FRAMTIDA, saman med trygge og aktive elevar som opplever meistringsglede
Her finn du oss:
Lunnamyri 14
Pb. 14
6851 Sogndal
Tlf: 57 67 90 40
E-post: kvaale.skule@sogndal.kommune.no